På Falstadsenteret 10. desember samtaler forfattarane Kari Stai og Eivind Hofstad Evjemo om litteratur og høgtlesing som kjelde til ytring og undring hjå born. Samtalen tek utgangspunkt i Stai si siste bok om Jakob og Neikob, og kva for reflekterande og filosoferande samtale ein kan ha med born med utgangspunkt i litteraturen. Kari Stai er forfattar og illustratør frå Inderøy. Eivind Hofstad Evjemo er roman- og lyrikkforfattar frå Levanger.
Vi tar ikkje inngangspengar. Velkomen!
I haust vil tre arrangement på tre bibliotek i Nord-Trøndelag handla om demokrati, medborgarskap og utanforskap, sett frå tre ulike innfallsvinklar med tre ulike forfattarar. Arrangementa er tilpassa eit allment publikum som er interesserte i korleis ny, norsk sak- og skjønnlitteratur opnar opp for ei større forståing av desse temaa. Arrangementa er eit samarbeid mellom Falstadsenteret, Nord-Trøndelag fylkesbibliotek, Frosta folkebibliotek og Snåsa folkebibliotek.