På Frosta 21. november snakkar Knut Vesterdal om doktorgradsarbeidet sitt under tittelen «Aktivisme eller lydighet? Menneskerettighetenes rolle i norsk skole». Saman med samtaleleiar Trond Risto Nilssen, diskuterer Vesterdal menneskerettane sin plass i vidaregåande skule og norsk utdanningspolitikk. Knut Vesterdal og Trond Risto Nilssen er båe fyrsteamanuensisar ved NTNU.
Vi tar ikkje inngangspengar. Velkomen!
I haust vil tre arrangement på tre bibliotek i Nord-Trøndelag handla om demokrati, medborgarskap og utanforskap, sett frå tre ulike innfallsvinklar med tre ulike forfattarar. Arrangementa er tilpassa eit allment publikum som er interesserte i korleis ny, norsk sak- og skjønnlitteratur opnar opp for ei større forståing av desse temaa. Arrangementa er eit samarbeid mellom Falstadsenteret, Nord-Trøndelag fylkesbibliotek, Frosta folkebibliotek og Snåsa folkebibliotek.