23. november 2016

norske møter med holocaust

kl. 18.00–19.30 SNÅSA BIBLIOTEK

Snåsa 23. november snakkar Jon Reitan om norske møte med holocaust, som òg er tema for doktorgradsavhandlinga hans. Samtaleleiar Leiv Sem og Reitan vil diskutera kva måte våre kollektive forståingar av holocaust har endra seg dei siste sju tiåra, og korleis holocaust har blitt nytta og tematisert i debattar, litteratur, utstillingar, kunst og i politiske samanhengar sidan 1945. Jon Reitan er forskar og fagleg leiar ved Falstadsenteret, og Leiv Sem er fyrsteamanuensis ved Nord universitet.

Vi tar ikkje inngangspengar. Velkomen!

 

I haust vil tre arrangement på tre bibliotek i Nord-Trøndelag handla om demokrati, medborgarskap og utanforskap, sett frå tre ulike innfallsvinklar med tre ulike forfattarar. Arrangementa er tilpassa eit allment publikum som er interesserte i korleis ny, norsk sak- og skjønnlitteratur opnar opp for ei større forståing av desse temaa. Arrangementa er eit samarbeid mellom Falstadsenteret, Nord-Trøndelag fylkesbibliotek, Frosta folkebibliotek og Snåsa folkebibliotek.

Cissi Klein monumentet. Foto: Ingeborg Hjorth
×