10. desember 2016

litteratur og høytlesning som kilde til ytring og undring

kl 12.00–14.00  FALSTADSENTERET

Falstadsenteret 10. desember samtaler forfattarane Kari Stai og Eivind Hofstad Evjemo om litteratur og høgtlesing som kjelde til ytring og undring hjå born. Samtalen tek utgangspunkt i Stai si siste bok om Jakob og Neikob, og kva for reflekterande og filosoferande samtale ein kan ha med born med utgangspunkt i litteraturen. Kari Stai er forfattar og illustratør frå Inderøy. Eivind Hofstad Evjemo er roman- og lyrikkforfattar frå Levanger.

Vi tar ikkje inngangspengar. Velkomen!

I haust vil tre arrangement på tre bibliotek i Nord-Trøndelag handla om demokrati, medborgarskap og utanforskap, sett frå tre ulike innfallsvinklar med tre ulike forfattarar. Arrangementa er tilpassa eit allment publikum som er interesserte i korleis ny, norsk sak- og skjønnlitteratur opnar opp for ei større forståing av desse temaa. Arrangementa er eit samarbeid mellom Falstadsenteret, Nord-Trøndelag fylkesbibliotek, Frosta folkebibliotek og Snåsa folkebibliotek.

×