28. august 2018

Folkemordet på armenane – kva var det, og korleis kan det forklarast?

Foredrag med Sigurd Sverre Stangeland kl 18.00 på Falstadsenteret.

Falstadsenteret og Innherred inviterer til arrangement om Armenia i forbindelse med avisas lesertur i september. Arrangementet er åpent for alle.

Stangeland er katolsk prest. Han har tidlegare vore major i Luftforsvaret og politisk analytikar ved Etterretningstenestas hovudkvarter i Oslo. Seinare underviste han i tysk politisk historie og samanliknande genocidforskning ved Historisk Institutt på NTNU i Trondheim. I 2013 forsvarte han si doktoravhandling «Die Rolle Deutschlands im Völkermord an den Armeniern 1915-1916». Som historikar har Stangeland fokusert på tysk politisk historie 1890-1945 samt på studiet av tysk etnografisk litteratur framfor alt frå perioden 1890-1916, og har gjennom dette vorte ein aktør i det vitskaplege ordskiftet rundt folkemordet på armenarane.

Inngang: 100,- ordinær / 80,- honnør og student. Billetten inkluderer enkel servering.

Sigrud Sverre Stangeland. Foto: CGU 2013
×