27. januar 2018

Den internasjonale holocaustdagen 2018

Laurdag 27. januar markerer vi den internasjonale holocaustdagen saman med Sund folkehøgskole.

Alle som ynskjer å vera med er inviterte til å delta i fakkeltog og minnemarkering i Falstadskogen. Vi startar frå borggarden på Falstadsenteret klokka 15.00, går då saman til Odd Hilts monument i Falstadskogen. I Falstadskogen vil det vera ein seremoni med appell og kunstnarleg innslag ved studentar frå folkehøgskulen, i tillegg til eit lite innblikk i minnearbeid studentane har gjennomført tidlegare på dagen. Vi avsluttar i Falstadskogen litt før klokka 16.00

Fyrste del av dagen inneheld ulike verkstader der studentar frå Sund folkehøgskole arbeider med ulike tema som kan knyttast til holocaust og menneskerettar. Ein av verkstadene, «Hvis dette var et menneske», vert skipa til av Aurora Jacobsen Evenshaug frå Jødisk museum i Trondheim og professor Hilde Kramer frå Universitetet i Bergen, og er ein verkstad Kramer har utvikla med utgangspunkt i Rethinking Memory Culture, eit tverrfagleg europeisk nettverk med fagpersonar frå kommunikasjonsstudium, mediestudium og historiefaget.

«Hvis dette var et menneske» er eit estetisk-pedagogisk prosjekt der det taktile og det estetiske vert utforska for å nærma seg fortida til det jødiske Trondheim under den andre verdskrigen på ein ny måte.

Les meir om prosjektet på nettstaden til Hilde Kramer

 

×