Undervisningshausten er i gang

Publisert 14. september 2017

I dag gler vi oss veldig til å opna undervisningshausten!

Nokre skuleklasser har allereie vitja oss i haust, men frå og med i dag tek det til for fullt når Ytre Namdal vgs tek turen til Ekne og Falstadsenteret. Nesten kvar dag fram til nesten-jula, vil vi få møta flotte ungdommar og lærarar frå mange skuler rundt omkring i Trøndelag. Vi vil snakka om og jobba med historia til Falstad, både som nazistisk fangeleir under okkupasjonen, landsvikleir etterpå, og som skuleheim og spesialskule før og etter 1940-åra. Og sjølvsagt vil vi jobba med kva Falstad er i dag, når vi no mellom mykje anna fungerer som eit undervisnings- og menneskerettssenter i tillegg til å vera ein minnestad og eit museum som fortel om fortida på sin måte. Vi vil snakka om enkeltmenneske og system, og vi vil diskutera korleis historia vi deler kan nyttast til å snakka om vår eiga tid.

Det er alltid veldig interessant og spennande å høyra kva elevane bryr seg om i liva og samfunna sine, og kva for ansvar vi som menneske og kollektiv har for å gjera verda betre. Sidan verda er som ho er i dag, vil vi snakka om vonde ting, som korleis rohingyaar vert forfulgte og fordrivne frå Myanmar, som at nynazistiske grupper veks i Norge, og som at statsleiarar snakkar om å utsletta andre land med atomvåpen. Men sjølv om temaa er vonde, er det alltid godt å sjå og høyra korleis ungdommane som kjem hit snakkar om korleis vi kan jobba for at framtida ikkje vert like vond. Det er mykje godt i den generasjonen som er på veg inn i framsetet.

Vi ser fram til å ta dei imot, dei tusentals nydelege, engasjerte, nyfikne og interesserte ungdommane. At dei kjem hit, det er det aller, aller beste med å vera Falstadsenteret!

Tusen takk, skular, lærarar og elevar for at de kjem! Og tusen takk til Den kulturelle skulesekken, som gjer det mogeleg for så mange skular å koma hit år etter år!

-Pia, Christian, Sebastian og Andre, undervisarane ved Falstadsenteret

Undervisarane ved Falstadsenteret f.v Christian Semb, Sebastian Klein, Andre Midskogseter Reite, Pia Haugdal Wee. Foto: Arnhild Jordet
×