Røyst i dag

Publisert 11. september 2017

Måndag 11. september! Det er valdag! Og då skal vi utføra vår borgarplikt ved å leggja røystesetelen i urna, heiter det. Men det stemmer jo ikkje heilt. Vi har ikkje plikt til å røysta ved val. Men alle statsborgarar over 18 år har rett til det, og det er ein rett det kan vera lurt å nytta seg av i dag, om du ikkje alt har gjort det. Iallfall i følgje dei over 6.000 skuleelevane som kjem hit kvart år.

Ved Falstadsenteret snakkar vi ofte om korleis einskildmennesket har mogelegheit til å påverka verda rundt seg, og det hyppigaste svaret elevar gjev er at ein kan røysta. Sjølvsagt finst det òg fleire måtar å vera ein aktiv medborgar, men røysting ved val er kanskje det tydelegaste provet i demokratiet på medbestemming, iallfall målt i virak og organisering for å få det gjennomført. Og det er då heller ikkje småtteri som kjem ut av eit stortingsval! Ein vel trass alt kven som skal sitja med den politiske makta i landet dei neste fire åra. Og med stor ulikskap i kva dei ulike politiske partia vil arbeida for på dei ulike områda av samfunnet vårt, vil det faktisk ha noko å seia kven det er som har denne makta.

Det er ein god rett å ha, retten til å vera med på å avgjera dette. Gjennom historia ser vi fleire døme på det motsette, og kva konsekvensar det kan ha. Ved Falstadsenteret er det sjølvsagt nærliggjande å ta føre seg dei fem åra Noreg var okkupert av Nazi-Tyskland. Det var eit totalitært regime, og eit diktatur. Hitler-Tyskland tillot berre ein partiorganisasjon i det okkuperte Noreg, og det var Nasjonal samling, eit parti som før krigen hadde relativt liten oppslutning, men som under Quislings leiing ope støtta den tyske okkupasjonsmakta og ei nazifisering av det norske samfunnet. Dette var sjølvsagt alt anna enn demokratisk, noko som òg førte til at mange menneske vart straffa, fengsla og drepne for å ha ytra eller handla mot det nazistane stod for.

Men òg tidlegare i historia ser vi døme på eit Noreg der eit mindretal får bestemma over dei fleste. Eit par kilometer unna Falstadsenteret, i retning Skogn, står ein minnestein over dei såkalla myrmennene. Det var menn som på 1880-talet kjøpte seg nokså verdilaus jord, og då gjerne myr, for å få vera med som røysteføre i demokratiet. Det var nemleg sånn at berre embetsmenn, sjølveigande bønder, eller andre menn over 25 år som hadde ått eller bygsla matrikulert jord i minst fem år som fekk røysta ved val. Og med ei sånn ordning, var det heller ingen kvinner eller menn som ikkje åtte jord, som fekk seia si meining om kven som skulle styra over dei, og vi ser òg ulike døme på undertrykking av desse menneska i Noreg på 1800-talet.

Dimed står vi no ved eit førebels sluttpunkt i ei historie (som sjølvsagt flyttar seg for kvart sekund som går) der borgarane sine rettar gradvis har vorte utvida, og der vi no likar å seia at vi er eit demokrati. For å ta del i dette demokratiet, har ein òg då ein rett fram til klokka 20.00 i kveld, der ein ved å leggja ei røyst i ei urne, kan påverka kven som skal sitja på Stortinget fram til neste val. Og den røysta er like mykje verdt, uansett om du eig jord eller ikkje, om du er kvinne eller mann, eller om du er lærar, elev, statsminister eller fotballsparkar. Så nytt han!

 

Andre Midtskogseter Reite,
lærar ved Falstadsenteret

Av Ohlen - Eget arbeid, Offentleg eigedom, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=7243785
×