ICAN får årets fredspris

Publisert 6. oktober 2017

I føremiddag fekk vi høyra at Nobels fredspris for 2017 vert tildelt Den internasjonale kampanjen mot atomvåpen (ICAN).

Det siste året har vi lese om, og mange har òg kjent på frykta for, trugsmålet om bruk av atomvåpen i krig igjen, både gjennom fleire prøvesprengingar og gjennom den grusomt skremmande ordvekslinga mellom Donald Trump og Kim Jong-un. Så då årets prisvinnar vart gjort offentleg kjent av Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen klokka 11, kjentest det som ei veldig riktig og viktig tildeling.

I tildelingstala si, sa Reiss-Andersen at prisen både er ei anerkjenning av det arbeidet ICAN har vore ein pådrivar for gjennom si ti år lange historie, ikkje minst som ei kraft for å setja spørsmålet om bruk av atomvåpen på dagsorden, men òg som ein pris som skal støtta det arbeidet som framleis må gjerast for å bli kvitt dei nesten 15.000 atomvåpena som enno eksisterer i verda.

Vi vonar pristildelinga vil hjelpa til med å få intensivert dette arbeidet. Og vi ynskjer Nobelkomiteen til lukke med ei veldig god tildeling i år. Og sidan vi òg har vår tidlegare direktør, Tone Jørstad, som representant i komiteen, er vi òg kry over årets gode tildeling.

Les pressemeldinga frå Nobelkomiteen her (engelsk): https://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/2017/press.html

Les meir om prisvinnaren her: http://www.icanw.org/

ICAN har òg ei norsk nettside: http://www.icannorway.no/

 

Bilde hentet fra: https://www.nrk.no/urix/ican-lederen_-_-sender-en-klar-beskjed-til-alle-atommakter-1.13721850
×